Friluftslivslærarar sin profesjonskunnskap om konfliktfylt samspel på tur med friluftslivsklassar
DOI:
https://doi.org/10.5617/adno.9946Emneord (Nøkkelord):
friluftslivlærarar, friluftslivpedagogisk praksis, konflikthandteringSammendrag
Denne artikkelen undersøker erfaringar og profesjonskunnskap friluftslivslærarar har med konfliktfylt samspel på tur. Studien undersøker også kva som kan kome ut av sosiale konfliktsituasjonar på friluftslivsturar. Konteksten er friluftslivsklassar i vidaregåande skole og folkehøgskole. Metode for datainnsamling er semistrukturerte intervju med 18 friluftslivlærarar frå dei to skoleslaga. Dataanalysen er gjort innanfor vitskaps- og kunnskapsteoretiske rammer som Alvesson & Sköldberg (2017) skildrar for hermeneutisk analyse av intervjudata. Det teoretiske grunnlaget for studien er henta i hovudsak frå teori om gruppeprosessar (Schutz, 1958), som skildrar ulike fasar i utviklinga til ei gruppe. Teorien seier at konfliktar kan få positiv betydning for at grupper utviklar seg vidare og etterpå opplever samhald. Studien viser at det er tilfelle i denne friluftslivskonteksten. Studien identifiserer ulike konflikttypar som til dømes klassiske konfliktar, sjargongkonfliktar, utestenging, misnøyekonfliktar og opne eskalerte konfliktar. Studien skildrar elevtypar som lærarane kan oppleve som krevjande å handtere. Desse elevtypane er kalla skylappelevar, ‘elevar som går høgt ut’ og satelittelevar. Studien utdjupar friluftslivslæraren sin profesjonskunnskap om konfliktar. Studien viser òg korleis friluftslivslærarane erfarer positiv utvikling som individuell vekst og sosial modning med elevane sine, etter at rollesøking og konfliktar er gjennomlevd.
Nedlastinger
Publisert
Hvordan referere
Utgave
Seksjon
Lisens
© CC BY 4.0 (2023 –)
Verk fra og med 2023 er lisensiert under en CC BY 4.0-lisens.
© CC BY-ND 4.0 (2023 -)
Verk fra og med 2023 kan lisensieres under en CC BY-ND 4.0-lisens, men krever at forfatteren(e) gir faglig begrunnelse for dette.
© CC BY-NC-ND 4.0 (– 2022)
Verk til og med 2022 lisensiert under en CC BY-NC-ND 4.0-lisens.